Folldal – songen.

Fritt på fjellet millom dalom
finn du Folldal, heimen vår.
Her har bygd og bur på gardom
hardført folk i tronge kår.
Høgt ligg bygda, kald og berr,
verhard og, men lell så kjær.

Oppi bakkom husa gråe.
Fedrann braut med staur og grev.
Jorda skrinn og husa småe,
litor løn og mykje strev.
Kornet fraus til kvart eit år.
Magert fe vart slept kvar vår.

Her er malm frå mørke fjellet
brote fram i hundre – år.
Buande og bergverk – selle
møtte her dei same kår.
Først da fossen stemde i,
Kom ei ny og betre tid.

Såg du hit når vinter frøste,
– hø og himmel stod i kok.
Men når gull i tindom gløste,
blank og blekstill vidda log.
Roglut røy og rjupe kvit
lokka oss på skiom hit.

Sjå Snjohetta kledd i linet
– bleike brur på Dovrefjell.
Rondann blåare enn hine,
ris mot sky i sol og svell.
Våren kjem med sæterliv.
Sau og geit i høom kliv.

Her er villrein innpå høgdom,
aure fin i tjønn og sjø.
Oppi viggom og i sløgdom
myrbærtuvann brenn som glø’.
Attmed bekk med skrale bru
står ei vergrå måsåbu.

Støtt eg ber deg i mitt minne
– kjære bygd bak blåe fjell.
Kvar eg ferdast vil eg finne
heim åt deg og hugleg stell.
Minnet gøymde kvar eg for :
Dal’n og heimen, far og mor.

Ivar O. Eide

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *