Sjå Alvdal, bygda vår mot dagen smiler med morgonglansen over dal og li.
Høyr Glåma, som i mange, lange miler har sulla trutt den gamle visa si.
No gyller sola fjell og åsar blidleg,
Småfuglar tirlar morgonglad i sky.
Så hiver Tron den gråe skoddehetta og helsar bygda vår i morgongletta.
Og folket vaknar kring i alle grender,
tek på med dagsens strev i von og tru, for jorda ventar på dei sterke hender, som grip om plogen og vil torva snu.
Ei nyvekt von den unge guten kjenner :
I bygda mi her vil eg setja bu.
Snart skal det veksa, bløma etter plogen, og grøne rudning lysa fram or skogen.
Der ligg han, heimen med dei mange minne, om liv og leik i glade barndomsår.
Han ber oss inn og gjer oss glad i sinnet, og tek imot oss når vi heimatt trår.
I barndomsheimen kan vi kvile finne,
og trøyst og fred for hugen tung og sår.
Kvar liten ting i heimen att vi kjenner,
og far og mor vi varme tankar sender.
Kjenn blomeangen frå dei grøne bøar, høyr Folla brusar i den klåre kveld.
Sjå kveldsol skin på mosegråe høar,på høge Tron og kvasse Sølenfjell.
Langt inn på viddom blinkar tjønn og sjøar og stirer blankøygd opp mot himmelkvelv.
Av skuggar mørknar skogen oppi bratta, og allting stillnar, roar seg mot natt.
Slik ser vi deg, du bygda vår, du kjære, med gard og grend, med elv og skog og fjell.
Slik vil vi sjå deg, kjenna deg så nære, Ein gong når vi skal sovna siste kveld.
Et siste syn av deg skal sælt oss bere med heim og høgd – dit skuggar aldri fell.
Da vil vi kvila trygt og godt og drøyma
i Alvdals jord, som trufast skal oss gøyma.
Trygve Gjelten